No startar distriktsvenleg sjukepleiarutdanning i Ryfylke

30 studentar skal no bli utdanna sjukepleiarar ved UiS i Ryfylke. I dag vart den distriktsvenlege sjukepleiarutdanninga offisielt opna på Hjelmeland.

Både studentar, ordførarar, kommunedirektørar og kommunalsjefar innan helse deltok på opninga, i tillegg til tilsette ved Universitetet i Stavanger.

– Eg er stolt over at vi kan tilby denne utdanninga i Ryfylke. Det er eit stort behov for sjukepleiarar. At vi tar det samfunnsansvaret og tilbyr 30 studieplassar her inne. Det er ein gledas dag!, sa Bjørg Oftedal, som er dekan ved Det helsevitskapelege fakultet.

Ho takka òg kommunane Hjelmeland, Suldal, Sauda og Strand, og Ryfylke IKS for samarbeidet som har som har gjort denne utdanninga mogleg.

87 søkte, og 30 fekk plass

Tilbodet om fleksibel og distriktsvenleg sjukepleiarutdanning er for folk som er busette i Ryfylke og som ikkje kan møta på campus dagleg for å studera.

87 søkte, og det er no tatt opp 30 studentar frå samarbeidskommunane Hjelmeland, Sauda, Strand og Suldal, i tillegg til andre område i Ryfylke.

– Det fortel meg at det er behov og moglegheit for å nå fleire med denne typen utdanningstilbod viss ein tilrettelegg og sørger for at det er tilstades der folk bur og gjer det fleksibelt sånn at folk kan ha eit liv ved sida av studiane, sa forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe til NRK Rogaland.

Sjå meir: Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe kommenterer tilbodet på NRK Rogaland.

Å kunne studera der eg bur betyr alt

– Det å få studera i heimkommunen min der eg bur betyr alt for meg. Moglegheita til å kombinera ein bachelorutdanning med etablert familieliv i distriktet var ein unik sjanse eg ikkje kunne la gå frå meg.

Det seier den ferske sjukepleiarstudenten Hanna Katharina Hurme. Ho er tobarnsmor, helsefagarbeidar i heimetestene og busett i Suldal kommune, 12 mil unna Universitet i Stavanger. Ho fortel at det ville vore umogleg for henne å studera sjukepleie på vanleg måte.

Les òg: Hanna Katharina skal bli sjukepleiar ved UiS i Ryfylke

Stine S. Førland (21) fortel at det var vanskeleg å få jobb som helsefagarbeidar. Derfor vart det eit naturleg val for henne å søka sjukepleiarutdanninga.

 – Eg gleder meg til å jobbe som sjukepleiar her i Ryfylke. Det er her eg trivest, legg ho til.

Stine S.Førland frå Strand ser fram til å arbeide som sjukepleiar i Ryfylke etter fullført utdanning.

Det er behov alle dagar i året

Distriktet i Rogaland har eit stort behov for kvalifiserte fagfolk som kan jobba innanfor helsetenesta. Samarbeidskommunane seier at mange busette i Ryfylke gjerne skulle bygd vidare på kompetansen sin, men å pendle til universitetet er ofte ei utfordring.

Gerd Helen Bø er ordførar i Suldal kommune. Ho la vekt på dette i helsinga si:

– For mange av dykk som er her, var det nettopp dette tilbodet som skulle til for at de skulle ha moglegheit til å ta utdanninga som de har drøymt om i mange år. De får òg ein kompetanse som vi i kommunane verkeleg treng.

Unik utdanning nasjonalt

– Det som er unikt med denne utdanninga er at det er eit fulltidsstudium, medan dei fleste desentraliserte utdanningar er på deltid, fortel prosjektleiar Marie Undheim ved UiS.

Dette har vore eit bevisst val basert på tidlegare erfaringar og tilbakemeldingar frå studentar.

–  Fleire andre utdanningar har tatt kontakt med oss i løpet av dette året, og det er òg oppretta eit nasjonalt nettverk for fleksibel utdanning som vi er ein del av. Det er mange som følgjer med og ønsker å høyra om erfaringane våre i dette prosjektet, seier ho vidare.

Skroll til toppen